Grimsdalsvegen blir til

Før det vart fast busetjing i Folldal på 1600-talet, skal det ha vore veg frå Gudbrandsdalen til Østerdalen gjennom Grimsdalen. Forbi Tollevshaugen tok den fyrst av frå dalbotnen og opp vestafor Tollevshaugkyrkja, forbi den øvste setra, over Streite på syd- og austsida av Streitkampen (1216 m.o.h.), forbi Streitlie og ned til Grimsbu i nedre Folldal, der det skal ha vore kvilebuer på veg vidare mot Alvdal. At det var marknadsplass ved Pundarvangen midt i Grimsdalen, tyder òg på at det var ein sambandsveg mellom dei to dalføra.

Den spede byrjinga
Omkring 1730-åra vart den fyrste garden i Fallet etablert av ein dovring. Den var til då den fyrste garden i Atndalen nord for sjøen. Den gamle generasjon i Fallet seier enno ”heimover” om retninga mot Dovre. I 1723 vart Staksto seter utvist til Angard, og det er truleg det var frå den tida det for alvor vart bruk for veg gjennom yste delen av Grimsdalen. Alt før den tid hadde dovringar sitt bruk i Atndalen, og den nordre delen vart kalla Dovre Atnedalsalmenning – eller Dovre kongealmenning. Vegen skal òg ha gått vidare austover til Alvdal gjennom Høstdalen. Vegen gjekk på ymse side av Grimse etter som det var best å køyre. Likevel må det ha vore råk all veg på den sida som vegen går i dag, sjølv om den ikkje  kunne køyrast med kjerre. Det var ikkje bruer der vegen kryssa elva og ved flomstor elv var den ikkje lett å forsere.

Vegparsell under bygging med spade, på 1930-talet. Kvar sætereigar fekk pådelt ein slik parsell (vegstykke) etter som dei gjekk fram med vegarbeidet. Dette er ved Storberget. Ein kan skimte Grimsdalshytta mot Tverådalen i bakgrunnen. Dette er parsellen til Søre Bjørnsgard, og karane er frå vinstre: Laurits Bergseng, Hans Helge Bjørnsgard og Anton Jøndal. Før vegen vart bygd her, køyrde dei på andre sida av elva utover til forbi campingplassen ved Tverråe.

Vegparsell under bygging med spade, på 1930-talet. Kvar sætereigar fekk pådelt ein slik parsell (vegstykke) etter som dei gjekk fram med vegarbeidet. Dette er ved Storberget. Ein kan skimte Grimsdalshytta mot Tverådalen i bakgrunnen. Dette er parsellen til Søre Bjørnsgard, og karane er frå vinstre: Laurits Bergseng, Hans Helge Bjørnsgard og Anton Jøndal. Før vegen vart bygd her, køyrde dei på andre sida av elva utover til forbi campingplassen ved Tverråe.

«At kjøre med kjerre»
Vegarbeidet vart tidleg organisert. Den eldste kjente kontrakt mellom setereigarane var frå 1827, og handlar om korleis dei ville dela vegen mellom seg: ”At gjøre vei gjennom Grimsdalen at den kan være fullkommen god og fremkommelig at kjøre med kjerre”. Der står det òg at om dei forsømde sin plikt skulle dei betale etter ”lovlige mænds skjønn”. Dei gjorde òg avtale om at når dei skulle køyre heim seterfôret, skulle alle vera med å slå på vegen med ein hest. ”Motsatt fall at nogen undslår seg for at vere med, så skal den skyldige bøde en mult for første gangs forsømmelse 2 spd., siger to spesidaler, og for andre gangs forsømmelse 4 spd. Og så vidare og disse bøder skal  udpantes uten vidre søksmål og rettergang.” Avtala var lese i retten ved Lesja ting den 17. februar 1829. Det vart nye kontraktar i 1899 og 1923 som bygde på den gamle, men med skjerpa straff og kontroll.

Den eldste vegen vart for det meste til medan dei gjekk, men etter avtala frå 1827 vart det pålagt vegarbeid på dei verste stykka. Frå 1902 gjekk dei meir systematisk til verks slik at dei arbeidde stykke for stykke, og det veksla mellom tilmålte vegstykke pr. gard eller felles arbeid på ei strekning etter pålagte dagsverk. Mulktene som kom inn for å sluntre unna gjekk til eit vegfond som vart brukt på vegen, og i 1925 vart ein parsell for fyrste gong sett bort for betaling.

Kroner én, kroner to…
Det vart prøvd alt mogleg for å skaffe pengar til vegen. Det vart søkt banken, kommunestyret, Stortinget om 5000 kroner frå Pengelotteriet, om å få militæravdeling til å byggje veg, og styret vart oppmoda om å arbeide for at det i kvar krets skulle bli sett i gang kvinneforeining for å få inn pengar til vegen. Dei fekk 1000 kroner frå kommuna og 900 kroner frå banken fordelt på fem år. Det vart arrangert basarar og budeiefest og fantasien var stor. Frå 1935 vart det høve til å søkja om statstilskot, og utgiftene skulle fordelast etter skjønn etter veglova, stykke for stykke. I 1948 vart bulldosar engasjert frå Gausdal. Dei bygde veg frå Tverråa til Fallet for 2,50,- pr. meter, grovplanert. I 1947 vart Bergsgardsvegen ferdig og da kunne ein koma seg forbi gardane med bil, dit Grimsdalsvegen tok til. Då kom mjølkebilen fram til Tverrlisetra, og to-tre år seinare vart det køyrt mjølk med bil frå heile Grimsdalen.

Då det vart bilveg vart det òg mogleg å gjera sundagstur til Grimsdalen med heile familien. Turen dette  biletet er frå er tatt midt på 1950-talet, og det er folk frå Nørdre Tallerås som har leigt seg «buss»; lastebil med hus på. Her frå rast på Verkesbakken.

Då det vart bilveg vart det òg mogleg å gjera sundagstur til Grimsdalen med heile familien. Turen dette biletet er frå er tatt midt på 1950-talet, og det er folk frå Nørdre Tallerås som har leigt seg «buss»; lastebil med hus på. Her frå rast på Verkesbakken.

Med handmakt
Grusinga tok tid, for den gjekk føre seg for det meste med traktor og handlasting. Til å byrja med også med hest og kjerre. Dei fyrste åra var det ikkje sjeldan mjølkebilen (og andre) køyrde seg fast – særleg i regnvêr – og kom ikkje ned i bygda att før langt på dag. Frå Tollevshaugen vart det levert mjølk med bil frå 1934 om Folldal og Hjerkinn. Setereigarane her, samt frå Øvre Vigerust på Mesetra, bygde veg med handmakt tre-fire km. til der gruvetårnet står i dag. Frå Vigerust køyrde dei mjølka med hest til Tollevshaugen.

Vinterbrøytinga som gjekk for seg i fyrste halvdel av mars var eit kapittel for seg. Tidligare nemnde avtaler om felles brøyting og mulkt, gav mellom anna retningsliner for at i motsetning til sumarvedlikehaldet, var dei om vinteren forplikta til å brøyte berre fram til si seter. Mulkta var frå 2 spesidaler i 1827 til 20 kroner i 1945. Men det vart etter kvart fåe som vart med på brøytinga og i 1945 og 1946 var det berre seks personar som møtte opp, og året etter vart det slutt. Då det vart bilve, vart seterhøyet køyrt med traktor eller bil.

Grimsdalsvegen langsmed Mesætermyre sett frå Tollevshaugkyrkja. Nærast er Heimkrok, der elva ein gong har gjort ein sving tvers over dalen, og der gamlevegen til Tollevshaugen og vegen vidare til Østerdalen gjekk opp til høgre for Tollevshaugkyrkja.

Grimsdalsvegen langsmed Mesætermyre sett frå Tollevshaugkyrkja. Nærast er Heimkrok, der elva ein gong har gjort ein sving tvers over dalen, og der gamlevegen til Tollevshaugen og vegen vidare til Østerdalen gjekk opp til høgre for Tollevshaugkyrkja.

Den dag i dag
Etter at det vart opna for biltrafikk vart det starta opp med bompengar, og saman med statstilskot, tømmersal og eigeinnsats skaffa dei pengar til opprusting av heile strekninga stykke for stykke. Frå 1975 har bompengane åleine finansiert vedlikehaldet. Det var ein del strid og ueine om fordeling av utgiftene og det vart halde fleire vegskjønn. Det vart bom i Fallet i 1955 etter at vegen vart gjennomgangsveg. Trafikken auka frå ca. 100 bilar og traktorar i 1948 til 200 året etter. I 1960 passerte trafikken 600 køyretøy, i 1965 var det 2500 og i 1970 5500 passeringar. Frå 1996 var trafikken stabil på ca. 6500 i fleire år. Bompengane har veksla i storleik frå 7 kroner for setereigarar og 12 kroner for andre til å byrje med, for så året etter å bli 10 kroner for alle. Mjølkebilen betalte òg bompengar som vart fordelt etter transportert liter mjølk.

Les meir om:

Sæterreise               Vintersætring               «Køyrekaran»