Sæterreise

Frå  riktig gamalt av var det å gå eller å kløvja med hest den einaste framkomstmåten til Grimsdalen. I avtala mellom setereigarane frå 1827 hadde dei som mål å gjera vegen ”fullkommen god og fremkommelig at kjøre med kjerre”. I same avtale står det at nordbygdingane som har seter i Grimsdalen har fråsagt seg å køyre med kjerre, og difor ikkje ville delta i vegbygging, men skulle likevel vera med å slå på vintervegen.

Dette syner vel at på den tida var det ein del som kløvja enda, men at dei fleste då etter kvart  køyrde med kjerre. Det var ein skranglete veg, med jarnskonning på hjula, så i dei fleste tilfelle var det betre å gå ved sida enn å sitja på kjerra. Mange stader var det slik at om hjulspora vart for djupe, kunne dei berre køyre ved sida og slå på ny veg. Nokre stader kan ein sjå fleire vegfar ved sida av kvarandre.

Dette er frå ein sætertur med Gula i 1938 eller – 39. Det var ei hoppe far hadde i mange år, som hadde mange føl og som gjekk Grimsdalen mange gonger. Den som sit på kjerra er eg (Hans Bergseng) og mannen ved sida er soknepresten i Dovre, Ingvald Skåre. Han heldt truleg si fyrste sætermesse i Grimsdalen på denne turen.

Dette er frå ein sætertur med Gula i 1938 eller -39. Gula var ei hoppe far hadde i mange år, som hadde mange føl og som gjekk Grimsdalen mange gonger. Den som sit på kjerra er eg (Hans Bergseng), og mannen ved sida er soknepresten i Dovre, Ingvald Skåre. Han heldt truleg si fyrste sætermesse i Grimsdalen på denne turen.

Til seters
Vanleg seterreise var i midten av juni, men kunne variere i høve til om det var tidlig vår og om det var vårknipe (lite fôring heime på garden). Sjølv har eg har vore med og reist til seters før pinse. Det kunne òg vera att mykje snøi fjellet, og vanskeleg å koma fram. Heimreisa var omkring 20.-28. september. Det òg kunne variere etter som om dei hadde fått tørka kornet og fått det inn (fått inn loe). Dei reiste tidleg om morgonen, i firetida var ikkje uvanleg, for det tok heile dagen hit til Tollevshaugen. Dei kvilte vanlegvis ein gong, stundom to.

Som regel var det med eldre dyr som hadde vore på setra før, så dei viste kva dei skulle og dei yngre fylgde etter. Ofte stunda dei både til setra og heim att så det gjekk radig. Det hende òg at dei rømte på heimveg før buferdsdagen (heimreisedagen). Gjekk eller køyrde budeia fyrst og lokka, og andre gjekk etter og jaga på om nokon av dyra ville gje seg att, gjekk det som regel bra. Geitene heldt seg ofte nære budeia, men var vare for dårleg vêr og kunne gje seg att. Når dei så skulle reisa heim att om hausten var det endå mørkt når dei starta og dei måtte bruke lykt for å sjå om alle hadde kome med, og for å sjå å låsa. Buferdsdagen var ein stor festdag heime. Nå blir nesten alle dyr frakta med bil til og frå Grimsdalen.

Ostetur
Det var vanleg å køyra med hest når dei skulle til slåtten på setra. Dei turane hugsar eg særleg godt, for når me sat på kjerra fortalde far om turar han hadde høyrt om og opplevingar han hadde hatt i Grimsdalen – gjerne knytta til det området me køyrde i. Det er synd at ikkje meir vart skrive ned. Medan dei ysta på setrene måtte dei køyra heim osten og få den seld før den vart for gamal. Dei køyrde gjerne annankvar eller tredjekvar veke. Den tida vart det altså nokre turar med hest for sumaren. Men nokon samarbeidde vel litt den tida òg, og tok med ost for andre.

Mjølkebilen klar for avgang frå Tollevshaugen ved sekstida om morgonen, truleg ein gong på 1950-talet. Ståande på lasteplanet, sjåføren i mange år, Magne Rudiløkken. Dei andre er turister som skal vera med bilen. Og dei det ikkje er plass til inni førarhuset må sitja oppå spanna.

Mjølkebilen klar for avgang frå Tollevshaugen ved sekstida om morgonen, truleg ein gong på 1950-talet. Ståande på lasteplanet, sjåføren i mange år, Magne Rudiløkken. Dei andre er turister som skal vera med bilen. Og dei det ikkje er plass til inni førarhuset må sitja oppå spanna.

Hold deg i stolkarmen, lek du er med!
Til å byrje med då det vart bilveg – i 1934 frå Tollevshaugen om Folldal, og frå 1947 til 1950 gjennom Grimsdalen – vart den mest brukt av mjølkebilen. Mjølka vart transportert i transportspann eller ein tank som sjåføren eller hjelparen hans tømte mjølka oppi. Spann som ikkje var fulle måtte dei tømme i eit mjølkemål fyrst, for å sjå og notere kor mykje mjølk som vart levert. Det var ofte folk med mjølkebilen, og den det ikkje var plass til i førarhuset, måtte sitja  på lasteplanet, ofte berre på ei mjølkespann. Mjølkebilen reiste oftast innover frå bygda kl. 16.00 og starta på heimveg frå endestasjonen kl. 06.00. Og før den tid måtte budeiene setje mjølka på rampa.

Det var nok for mange eit høgdepunkt på dagen når mjølkebilen kom. Sjåføren utførte ofte ærend på butikken eller andre stader for budeiene, og av og til vart han bedt inn på kaffi. I starten var vegen dårlig, så bilen brukte ofte lang tid. Etter kvart tok turen kortare tid og det vart slutt på å reise om kvelden. På 50-talet vart det meir og meir sjeldan å møta hestekøyrarar. Mange slutta å setre etter kvart, og traktor og bil tok over for dei som framleis dreiv.

Les meir om:

Vintersætring               «Køyrekaran»               Vegen blir til