Eit av dei mest særprega trekka ved historia til Grimsdalen er vintersetring, eller vårlegu som det òg blir kalla. Det gjekk bodstikke om at det skulle ”brøytast”, som regel andre tysdagen i mars. Då var det felles oppkøyring eller pakking av vintervegen. I den fyrste avtala som vi veit om frå 1827, står det at alle setereigarane skal vera med ”å slå på vegen», kvar til sin sæterstul, og møter dei ikkje opp må dei betala mulkt.
Førebudd på våren
Då det var køyrt på veg reiste nokre med kyrne og geitene for å fôra opp seterhøyet. Dei andre køyrde høyet heim. Det var òg då dei køyrde ved og tømmer som dei hadde fått utvist frå ålmenningsskogen, og som dei hadde hogge og barka sumaren før. Dei måtte reisa så tidleg på våren, for venta dei for lenge kunne snøen lett blautna og det bar igjennom. Dei var der samanhengande til i slutten av september, altså nesten halve året. Ikkje alle dreiv vårlegu og ikkje kvart år. Men om hausten hadde dei oversyn over avlinga heime, og var den dårlig kunne dei førebu vårlegu ved å ta nokre moselass attåt på setra og ha ekstra ved. Det var vel for dei fleste mest for å koma over vårknipa.
I Grimsdalen var det ofte lite snø og fort bart på randene slik at dyra kunne gå ute når ikkje vêret var for dårleg. Slik kunne dei ruske i seg litt attåt seterforet, kanskje særleg kjørr. Det vart nok ikkje så mykje mjølk av dette, men det som var ysta dei vel helst raudost av etter at den vart ”oppfunne”. Elles var kjøtet vel så mykje verd som mjølka, så det var viktig å fôre fram flest mogleg dyr. Når kar og hest var ferdig med å køyra til mose, ved og eventuelt anna frå skogen, reiste dei oftast heim att, og budeia kunne bli att aleine til sumaren kom. Men oftast var dei vel fleire på stulen. Ei tid i vårløysinga kunne dei vera heilt isolert. Dei åt nok mest mat laga av mjølk den tida; det var ikkje lett å koma til med proviant og dei hadde heller ikkje mykje med seg frå heime.
Setring i nabobygdene
Då avtala om brøyting vart gjort mellom sætereigarane i Grimsdalen i 1827, var ikkje vintersetring eller vårlegu nemnd, berre at det var brøyting for å køyra heim seterforet. Båe desse eksempla tyder på at i Dovre eller Grimsdalen var det ikkje vintersætring før etter 1827. Dei fleste slutta nok med det etter at ysteriet vart bygd i 1918, for då fekk dei meir ut av mjølka med å levera den til ysteriet. Nokre dreiv likevel fram til 1930-åra. Dei dreiv òg med same form for vintersetring i Kvitdalen, medan i Vågå dreiv dei på ein annan måte. Der reiste dei opp på setra att når håen var avbeita nede i bygda, i månadsskiftet oktober/november, og var der til høyet tok slutt – stundom heilt ut i februar. Sporadisk har ein òg høyrt om vintersetring andre stader, for eksempel på Lesja.
Les meir om: