«Køyrekaran»

Hestekøyrarane var, nest etter budeiene, viktige personar ved sæterdrifta, og fortener å bli omtala med nokre ord. Ofte var det brukaren sjølv som køyrde desse sæterturane, men norke gardar hadde fast gardskar som hadde denne høgt tiltrudde jobben. Det kunne bli mange turar for året, og ein tur til seters og attende tok minst to dagar.

Det dreia seg òg om vinterkøyring. Fyrst brøyting, så høykøyring eller flytting til seters med dyra. Det kunne sågar bli fleire turar etter høy. Deretter var det å køyra til ved som gjerne var hogd og reist i kostar om sumaren. Hadde dei fått utvist tømmer, vart det tømmerkøyring – kanskje òg til sag i Atndalen. Ved vintersætring vart det òg gjerne mosekøyring. Om sumaren var det tre faste turar. Det var flyttinga med dyra fyrst og sist på sumaren, og til slåttonna i august. Med jamne mellomrom måtte dei òg henta ost.

Dette er høykøyrarar frå Grimsdalen. Dei som ikkje reiste til sæters med krøtera om våren for å fora opp høyet, køyrde det heim på vinterføre, oftast siste halvdel av mars. Alle skulle vera med å brøyte vegen, og det var mulkt for ikkje å møta opp. Etter kvart som det vart biløveg vart det slutt med å køyra heim høyet med hest, det vart brukt lastebil og seinare traktor. Siste året det var tillyst brøyting var i 1947, men da var det berre nokre fåe som møtte. Dei betalte nok heller mulkta.

Dette er høykøyrarar frå Grimsdalen. Dei som ikkje reiste til seters med dyra om våren for å fôra opp høyet, køyrde det heim på vinterføre – oftast i siste halvdel av mars. Alle skulle vera med å brøyte vegen, og det var mulkt for ikkje å møta opp. Etter kvart som det vart bilveg vart det slutt med å køyra heim høyet med hest, det vart brukt lastebil og seinare traktor. Siste året det var tillyst brøyting var i 1947, men då var det berre nokre fåe som møtte. Dei betalte nok heller mulkta.

Ein mann og hans hest
Ofte vart det eit spesielt forhold mellom hest og kar som gjorde sitt til at dei såg fram til desse turane. Slike turar var rike på opplevingar på ein eller annan måte. Det kunne vera vêr eller føre som var slik at det verkeleg røynde på, eller det motsette; at det var så fint at det gjorde det til ei stor oppleving. Dette var då ofte tema når desse karane treftest; da dreia praten seg ofte om desse turane, om ymse situasjonar og svært ofte om hestane og deira særpreg.

Om sumaren var vegen dårleg, og med jernskodde hjul var det ikkje særleg godt å sitja på kjerra. Difor gjekk køyrekaren ofte ved sida eller bak. Betre var det  om vinteren, då ein kunne kle seg i køyrepels eller andre gode klede og sitja på sleden eller lasset. Men dei steig av i bakkane for å avlaste hesten når det vart tungt. Hest og kar jobba som oftast godt i lag, og mange sette høgt den tiltrudde jobben det var å vera køyrekar og å få gjera alle desse fjellturane.

Sist på 40-talet og på 50-talet vart det meir og meir sjeldan å møta hestekøyrarar i Grimsdalen. Mange slutta å setre etter kvart, og traktor og bil tok etter kvart over transporten for dei som framleis dreiv.

Les meir om:

Vegen blir til               Sæterreise               Vintersætring